Keeperskule i Sognahallen fredag 30. oktober til søndag 1. november
Me kjem til å følgje gjeldande koronareglar for fotballaktivitet i henhold til Helsedirektoratet sine anbefalinger.
Me oppfordrar alle deltakarane/foreldre til å vere flinke til å halde fotballens koronavettreglar, og sei frå om det skjer avvik frå desse. Me ønskjer at alle skal føle seg trygge. Det er framleis mogeleg å trene godt og ha det gøy.
Praktisk gjennomføring av keeperskulen:
· Registrering startar i Sognehallen fredag frå kl. 17.30. Finn plass på tribuna, så går me rundt og registrerer.
· Keeperskulen(TSK) kan ikkje få til servering av mat og drikke i treningspausen i Sognahallen, så ta med mat og drikke(merk flasker med namn). På tribuna gjeld meteren😉
· TSK må ha oversikt om nokon treng garderobar i helga(e-post eller sms til 977 72 804)
· TSK har tilgang til toalett i hallen
· Antibac er tilgjengeleg
· Utstyr: Fotballsko og keeperhanskar
· Me håpar alle tek med seg rikeleg med godt humør😊
Fotballen sine koronavettreglar:
Føler du deg sjuk, bli heime
God hand- og hostehygiene og forsterka reinhald
Alltid minst ein meter avstand så lenge me ikkje spelar fotball.
Alle personar som deltek i fotballaktivitet eller er publikum skal vere registrert med namn, tidspunkt og telefonnummer
Klubben er ansvarleg for aktiviteten og smittevernet
Barn og unge til og med det året dei fyller 20 år kan trene og spele kamper med kontakt.
Spelarar eldre enn 20 år kan trene med kontakt
Ei gruppe bør vere fast over tid og anbefaler grupper på inntil 20 spelarar
Har de spørsmål om arrangementet kan de ta kontakt på e-post eller telefon 977 72 804
Keeperskulen er for alle frå 8 år og det vil bli delt inn i grupper etter alder og ferdigheiter. Her vil alle få utfordringar og lære mykje frå engasjeraned instruktørar. Dette er òg eit fint høve for unge fotballspelarar til å finne ut om keeperrolla er noko som passar dei. Me håpar på mange påmeldte og at foreldre og trenarar kan ta turen til Kaupanger for å få tips til keepertrening.
Ta kontakt om du ikkje kan delta på alle treningsøktene.
Gruppeinndeling:
8- og 9-åringane går inn i ei gruppe som me kallar "minikeeper". Denne gruppa vil få innføring i basisteknikk for keeperar og får vera med på mykje artig aktivitet.
Gruppa "Gøy å bli keeper" er for jenter og gutar frå 10-12 år. Deltakarane får øve mykje på basisteknikk og sjølvsagt blir det "action".
Frå 13 år og eldre vil deltakarane bli delt inn i grupper på kjønn og ferdigheiter, og blir køyrt tøffe treningsøkter. Me vil òg prøve å plukke ut ei elitegruppe av 15–åringar og eldre.
PRISAR:
8– og 9-åringar(2011 or 2012) kr 1000,–
10–12 år (2008, 2009 og 2010) kr 1400,–
13 år og eldre(2007 og eldre) kr 1600,–
BETALINGSINFO:
Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive på namn på deltakaren og fødselsår.
Vippsnummer: 629042