Det blir keeperskule i Sognahallen i år òg!⚽️

Keeperskulen er for alle frå 8 år og det vil bli delt inn i grupper etter alder og ferdigheiter. Her vil alle få utfordringar og lære mykje frå engasjerande instruktørar. Dette er òg eit fint høve for unge fotballspelarar til å finne ut om keeperrolla er noko som passar dei. Me håpar på mange påmeldte og at foreldre og trenarar kan ta turen til Sognahallen i Sogndal for å få tips til keepertrening.

Gruppeinndeling:

  • 8- og 9-åringane går inn i ei gruppe som me kallar "minikeeper". Denne gruppa vil få innføring i basisteknikk for keeperar og får vera med på mykje artig aktivitet.

  • Gruppa "Gøy å bli keeper" er for jenter og gutar frå 10-12 år. Deltakarane får øve mykje på basisteknikk og sjølvsagt blir det "action".

  • Frå 13 år og eldre vil deltakarane bli delt inn i grupper på kjønn og ferdigheiter, og det blir køyrt tøffe treningsøkter.

Informasjon:

Registrering startar i Sognahallen i Sogndal fredag frå kl. 17.40.

Utstyr: Fotballsko, keeperhanskar og drikkeflaske.

Keeperskulen stiller med frukt og Lerum saft og jus til lunsjpausen. Smør skikkeleg niste til deg sjølv.

Me håpar alle tek med seg rikeleg med godt humør😊

Har de spørsmål om arrangementet kan de ta kontakt på e-post eller telefon 977 72 804

PRISAR:

  • 8– og 9-åringar(2013 or 2014) kr 1000,–

  • 10–12 år (2010, 2011 og 2012) kr 1400,–

  • 13 år og eldre(2009 og eldre) kr 1600,–

 BETALINGSINFO:

Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive namn på deltakaren og fødselsår.

Program:

Fredag 25. november
Kl 17.40 Frammøte og registrering i Sognahallen i Sogndal, klare til trening.
Kl. 18.00–19.30   Trening

Laurdag 26. november
Kl. 10.45      Frammøte klar for trening
Kl. .11.00   Trening
Kl. 12.30      Lunsj
Kl. 13.30      Trening
Kl. 15.00 Slutt

Søndag 27. november
Kl. 10.45         Frammøte og klar for trening
Kl. 11.00         Trening
Kl. 12.30         Lunsj
Kl. 13.30         Trening
Kl. 15.00         Slutt