Keeperskule i Sognahallen, Sogndal 2017

 

Keeperskule i Sognahallen

Keeperskulen er for alle frå 8 år og det vil bli delt inn i grupper etter alder og ferdigheiter. Her vil alle få utfordringar og lære mykje frå engasjeraned instruktørar. Dette er òg eit fint høve for unge fotballspelarar til å finne ut om keeperrolla er noko som passar dei. Me håpar på mange påmeldte og at foreldre og trenarar kan ta turen til Sognahallen for å få tips til keepertrening.

Gruppeinndeling:

  • 8- og 9-åringane går inn i ei gruppe som me kallar "minikeeper". Denne gruppa vil få innføring i basisteknikk for keeperar og får vera med på mykje artig aktivitet. 
  • Gruppa "Gøy å bli keeper" er for jenter og gutar frå 10-12 år. Deltakarane får øve mykje på basisteknikk og sjølvsagt blir det mykje "action".
  • Frå 13 år og eldre vil deltakarane bli delt inn i grupper på kjønn og ferdigheiter, og blir nok køyrt tøffare treningsøkter.

 
Dei to yngste gruppene passar godt for jenter og gutar som ønskjer å finne ut om keeperrolla er noko for dei. Uansett er dette god trening for alle, store og små.
 

PRISAR:

  •  8– og 9-åringar(2008 or 2009)   kr 1000,–
  • 10–12 år (2005, 2006 og 2007)  kr 1400,–
  • 13 år og eldre(2004 og eldre)        kr 1600,–

 

BETALINGSINFO:

Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive på namn på deltakaren.

Ved mottatt betaling er du påmeldt:-)

Program:

Fredag 3. november

Frammøte og registrering frå kl. 18.00
Kl. 19.00–21.00   Trening

Laurdag 4. november

Kl. 11.00          Frammøte i Sognahallen, klar for trening:-)
Kl. 11.00    Trening
Kl. 13.00          Lunsj
Kl. 15.00          Trening
Kl. 17.00          Slutt

Søndag 5. november

Kl. 09.45          Frammøte og klar for trening
Kl. 10.00          Trening
Kl. 12.00           Lunsj
Kl. 13.30           Trening
Kl. 15.00           Slutt

  • Alle må ha med fotballsko, joggesko, leggskinn  keeperhanskar og drikkeflaske med namn
  • Smør skikkeleg god niste til lunsj laurdag og søndag. Lerumjus og frukt stiller keeperskulen med.
  • Ta òg med rikeleg med godt humør. Viktig:-)