Keeperskule på Skulestadmo, Voss
INFORMASJON OG PROGRAM
Keeperskule på Skulestadmo, Voss, 24.–25. august 2019
Keeperskulen er for alle mellom 8 og 16 år og det vil bli delt inn i grupper etter alder og ferdigheiter. Her vil alle få utfordringar og lære mykje frå våre instruktørar. Dette er òg eit fint høve for dei yngste å finne ut om keeperrolla er noko som passar. Me håpar på mange påmeldte og at foreldre og trenarar kan ta turen til Skulestadmo for å få tips til keepertrening. Det er viktig atkeeperane får oppfølging. Me veit at øving hjelp på motivasjon og mestring, som er viktig for å ha det gøy:-)
Gruppeinndeling:
8– og 9–åringane går inn i ei gruppe som me kallar "minikeeper". Denne gruppa vil få innføring i basisteknikk for keeperar og får vera med på mykje artig aktivitet.
Gruppa "Gøy å bli keeper" er for jenter og gutar frå 10–12 år. Deltakarane får øve mykje på basisteknikk og sjølvsagt blir det mykje "action".
Frå 13 år og eldre vil deltakarane bli delt inn i grupper på kjønn og ferdigheiter, og blir nok køyrt med høgare intensitet og fart.
PRISAR:
8- og 9-åringar(født 2010–2011): kr 1000,–
10–16 år(født 2009 og eldre: kr 1400,–
Inkludert i prisen er lunsj og drakt/trøye med keeperskulelogo.
BETALINGSINFO:
Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive på namn på deltakaren.
Ved mottatt betaling er du påmeldt:-)
Program:
Laurdag 24. august
Kl. 10.30 Frammøte og registrering på idrettsanlegget til Ørnar på Skulestadmo, klar for trening:-)
Kl. 11.00 Trening
Kl. 13.00 Lunsj
Kl. 14.00 Trening
Kl. 16.00 Slutt
Søndag 25. august
Kl. 09.45 Frammøte og klar for trening
Kl. 10.00 Trening
Kl. 12.00 Lunsj
Kl. 13.00 Trening
Kl. 15.00 Slutt
Alle må ha med fotballsko, joggesko, leggskinn keeperhanskar og drikkeflaske med namn
Godt med treningsklede i tilfelle dårleg vêr
Ta òg med rikeleg med godt humør. Viktig⚽️😃