Keeperskulen er for alle frå 8 år og det vil bli delt inn i grupper etter alder og ferdigheiter. Her vil alle få utfordringar og lære mykje frå engasjerte instruktørar. Dette er òg eit fint høve for unge fotballspelarar til å finne ut om keeperrolla er noko som passar dei. Me håpar på mange påmeldte og at foreldre og trenarar kan ta turen Sognahallen for å få tips til keepertrening.
Gruppeinndeling:
8- og 9-åringane går inn i ei gruppe som me kallar "minikeeper". Denne gruppa vil få innføring i basisteknikk for keeperar og får vera med på mykje artig aktivitet.
Gruppa "Gøy å bli keeper" er for jenter og gutar frå 10-12 år. Deltakarane får øve mykje på basisteknikk og sjølvsagt blir det "action".
Frå 13 år og eldre vil deltakarane bli delt inn i grupper på kjønn og ferdigheiter, og det blir køyrt tøffe treningsøkter.
Informasjon:
Registrering startar i Sognahallen fredag frå kl. 17.40.
Utstyr: Fotballsko, keeperhanskar og drikkeflaske.
Keeperskulen stiller med frukt og Lerum saft og jus til lunsjpausen. Smør skikkeleg niste til deg sjølv.
Me håpar alle tek med seg rikeleg med godt humør😊
Har de spørsmål om arrangementet kan de ta kontakt på e-post eller telefon 977 72 804
PRISAR:
8– og 9-åringar(2014 or 2015) kr 1000,–
10–12 år (2011, 2012 og 2013) kr 1400,–
13 år og eldre(2010 og eldre) kr 1600,–
BETALINGSINFO:
Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive namn på deltakaren og fødselsår.
Program:
Fredag 17. november
Kl 17.40 Frammøte og registrering i Sognahallen, klare til trening.
Kl. 18.00–19.30 Trening
Laurdag 18. november
Kl. 09.20 Frammøte klar for trening
Kl. 09.30 Trening
Kl. 11.30 Lunsj
Kl. 12.30 Trening
Kl. 14.00 Slutt
Søndag 19. november
Kl. 09.50 Frammøte og klar for trening
Kl. 10.00 Trening
Kl. 11.30 Lunsj
Kl. 12.30 Trening
Kl. 14.00 Slutt