Keeperskule på Kaupanger 15. og 16. juni

Keeperskulen er for alle frå 8 år og det vil bli delt inn i grupper etter alder og ferdigheiter. Her vil alle få utfordringar og lære mykje frå engasjerte instruktørar. Dette er òg eit fint høve for unge fotballspelarar til å finne ut om keeperrolla er noko som passar dei.

Gruppeinndeling:

  • 8- og 9-åringane går inn i ei gruppe som me kallar "minikeeper". Denne gruppa vil få innføring i basisteknikk for keeperar og får vera med på mykje artig aktivitet.

  • Gruppa "Gøy å bli keeper" er for jenter og gutar frå 10-12 år. Deltakarane får øve mykje på basisteknikk og sjølvsagt blir det "action".

  • Frå 13 år og eldre vil treningsøktene bli tøffare

Informasjon:

Registrering startar på Kaupanger Idrettspark laurdag frå kl. 09.45

Utstyr: Fotballsko, keeperhanskar og drikkeflaske.

Keeperskulen stiller med frukt og Lerum saft og jus til lunsjpausen. Smør skikkeleg niste til deg sjølv.

Me håpar alle tek med seg rikeleg med godt humør😊

Har de spørsmål om arrangementet kan de ta kontakt på e-post eller telefon 977 72 804

PRISAR:

  • 8– og 9-åringar(2015 or 2016) kr 1000,–

  • 10–12 år (2012, 2013 og 2014) kr 1400,–

  • 13 år og eldre(2011 og eldre) kr 1600,–

 BETALINGSINFO:

Terje Skjeldestad keeperskule
Røsslyngteigen 1
6854 KAUPANGER
Kontonr.: 3720 12 78415
NB! Hugs å skrive namn på deltakaren og fødselsår.

Program:

Laurdag 15. juni
Kl. 09.45      Registrering
Kl. .10.00   Trening
Kl. 11.30      Lunsj
Kl. 12.30      Trening
Kl. 14.00 Slutt

Søndag 16. juni
Kl. 09.45         Frammøte og klar for trening
Kl. 10.00         Trening
Kl. 11.30         Lunsj
Kl. 12.30         Trening
Kl. 14.00         Slutt